Eg veit ikkje korleis det er å vere rik. Men eg mistenker at ein då fokuserer på heilt andre ting enn oss vanlege dødelege. Ein heng seg opp i penger og materielle verdier. Og ikkje minst så heng ein seg opp i å takle den store utfordringa til å heile vegen få tak i meir penger og verdier. Og då er det fortsatt ikkje sosiale, menneskelege verdier eg snakker om.

Det er viden kjent at eg ikkje er FrP-sympatisør. Så langt derifrå. Og når eg les sitat som det som følger under, så får eg berre bekrefta kvifor eg ikkje skal stemme på det partiet. Å kle av partiet “sitt” meir enn det Stein Erik Hagen gjer her, kan vanskeleg gjerast:

- FrP er det partiet som er klarast på det som er viktig for min familie, det vil seie formuesskatt og kapitalavgift. Avgjersla om å støtte partiet (FrP) er noko heile familien står bak, sa Stein Erik Hagen då han delte ut pengane i 2007.

FrP er altså partiet for dei familier som har formueskatt som deira viktigste verdi. Hipp hipp hipp hurra for at eg ingen i mi slekt stemmer FrP (for, bortsett frå Arvid, så gjer dykk vel ikkje det???!!!). Eg håper uansett me har viktigare kjerneverdier å engasjere oss i.

Pengane det er snakk om i sitatet ovanfor er 2 millioner kroner han gav i støtte til FrP. Les meir her. No kan han tene 14 millioner på denne investeringa. For om FrP vinn valkampen, så ser det mørkt ut for skatteinntektene Noreg har frå innbyggjarane i Bærum og omegn…

Eg fortsetter uansett å investere mine veltjente 60 kroner til SV, i håp om at dei sit i regjering til neste vår også.

Eg ser mange dumme avstemninger når eg surfer rundt på internett. Og det dummeste er alle dei der eit alternativ er “vet ikke”. Kvifor skal ein gidde å svare på noko ein ikkje veit noko om. Då kan ein vel heller berre la vere å svare…

Dette er kanskje det raraste eksempelet eg har funne i løpet av dei siste dagane. Eg svara på trass alternativ tre, og fann ut at eg var den einaste som til no hadde svara dette. Heldigvis. For om det finnes folk som faktisk ikkje veit svaret på dette spørsmålet, så er nok svaret snarare “Ja, eg har hatt altfor mange”

pils

Kvifor vert eit drap på ein norsk soldat slått opp på denne måten:

soldatdrapMedan drap på fleire millioner menneskje i Kongo og på Sri Lanka på langt nær får same type merksemd. Iallefall ikkje om ein ser på antallet omkomne.

For all del. Eg føler med dei pårørande til den norske soldaten, men vert likevel provosert over måten dette vert handtert på av norske medier og høgtståande personer i det norske forsvaret.

Kvifor et det “å miste soldater det verste som skjer oss” for forsvarsminister Anne-Grete Strøm Erichsen. Etter det eg har forstått skjer det langt verre ting i dei områda norske soldater patruljerer.

Ja. Denne soldaten var på fredsbevarande oppdrag for det norske forsvaret, og han ville sikkert ingen vondt. Men det ville heller ikkje dei 30-40 000 som vart drept i Kongo forrige måned.

Kvifor held ein aldri pressekonferanse for dei? Kvifor får ikkje deira familie oppfølging? Kvifor vert ikkje dei sett på som helter?

Eg blir litt overaska over at denne saka blir slått opp så stort som den blir. Sjølvsagt er det trist og sikkert interesant for mange. Men kvifor er dette livet viktigare enn eit anna?

I dag protesterer mange tusen tamiler her i Oslo mot krigen på Sri Lanka. Det er nok ikkje mykje som kan løysast ved å gå i tog i Noreg. Men håpet deira er å redde familiemedlemmer. I dag ser det ut til at merksemda rundt deira sak kjem i andre rekke. Fordi i dag vert ein nordmann drept…

Og det skjer ikkje kvar dag…

Fred vere med alle som i dag vart drept som følger av sult, krig og anna form for urettferdighet.

Eg er langt frå nokon verdsmeistar i rettskriving, noko det finnes mange døme på her på sida. Men er det ein ting eg vert provosert av når det gjelder skrivefeil, så er det orddeling. Eg forstår ikkje at det går an å ikkje forstå at eit ord som er samansatt av to ord, faktisk skal skrivast i eit ord. Eg vert glad om ein skriver knekkebrød, kjøkkengulv og ananasringer. Viss ananas ringer derimot, då vert eg meir redd.

Her er ein MSN-reklame for å måle hjernealderen din. Ikkje veit eg kvifor den skal målast. Kanskje det er for å sjekke om du har kome over alderen der du deler orda du eigentleg ikkje skal dele?

hjerne-alder

PS: Når alt dette er sagt: Dysleksi og norsk som fremmedspråk er gyldig grunn. Men så er det også dei einaste gode forklaringane også.

At folk som dette går rundt på jorda si overflate, og i tillegg har penger og hjerne til å få mat i munnen, synes eg er imponerande. (Sjå filmen ved å trykke her.)

Det som er skremmande derimot er at det finnes mange av dei. Spesielt her på austlandet.

TENK på alle dei pengane som vert tulla vekk av desse orangutangane. Kva kunne me ikkje ha brukt det til? Champagneflaska han refererer til, som han “bare slenger på 800 i tips på, slik at det blir 8000 kroner, høhøhhaherheahae”, er i seg sjølv verdt fleire år med skulegang for min kjære venn Moses i Uganda. Han har knapt råd til mat og ein plass å bu.

Kvifor er verda så skeivt fordelt? Kva har han her fjompenissen frå Bærum gjort for å fortene å vere så dum og bortskjemt? Kva har EG gjort for å vere så bortskjemt?

ÅÅÅÅÅÅÅÅ! EG BLIR SÅ SINT!!!!!!

Eva Joly er eit kvinnemenneske eg lenge har hatt sansen for. Hennar arbeid mot korrupsjon anser eg som viktig. Eg merka sjølv kor viktig motarbeidinga av korrupsjon er, då eg var i Afrika.

I dag fekk eg sjansen til å høyre Joly halde eit foredrag på Blindern. Der snakka ho ikkje om korrupsjon, men om finanskrisa, og kva den hadde å seie for verdssamfunnet. Det var forsåvidt interessant. Men det einaste inntrykket eg hadde då eg gjekk ut av auditoriumet var at Joly var ei sur og prippen primadonna av dei sjeldne.

Det var få smil å spore hos ho, og i løpet av dei 45 minuttane ho snakka, fekk ho gitt eit klart inntrykk av at ho synes forsamlinga var ein gjeng håplause studenter utan kunnskap kring samfunnsøkonomi. Ho spurte om fleire spørsmål enn ho gav svar, og gav også klart uttrykk for at ho ikkje var imponert over responsen, som i stor grad var ikkje-eksisterande.

Noko av infoen ho forlanga at samfunnsøkonomistudentane skulle kunne, var for meg totalt ukjent. Men nå studerer heller ikkje eg samfunnsøkonomi. Eg forstår ikkje heilt kvifor ho skulle spørre om så mykje spørsmål, for deretter å fastslå at sam.økstudentane kunne alt for lite.

“Jeg er ikke imponert, altså”, sa ho tidleg i foredraget. Og da folk trudde at ho berre kom med ein spydig kommentar, og starta å le. Såg ho berre surt opp på folk, og viste null antydning til å smile. Det var nemlig ein überspydig kommentar, utan glimt i auget.

Og alt toppa seg for min del då ei jente kom inn tjue minutter ut i foredraget. Joly syntes visstnok det var så upassande som overhovud mogleg, og ho benytta difor anledninga til å kjefte på denne jenta, som ingen hadde lagt merke til. Fram til då, vel og merke.

“Jeg forstår meg ikke på norske studenter. Her bruker jeg en hel time av min tid på dere. Også kommer dere en halvtime ut i foredraget.”

Bruker en time av MIN tid på dere? Eg angrer på at eg brukte ein time av min tid på ho.

Nei, takke meg til. Om ein må oppføre seg slik som Eva Joly for å kunne bli kvitt all korrupsjon i verda, så foretrekker eg heller korrupsjonen. Då finnes det i det minste gledelige augneblink frå tid til annan. For meir sure 45-minuttarar har eg aldri hatt…

Og stakkar Island som må leve med ho, i tillegg til alt det andre dei sliter med.

Viss nokon skulle vere i tvil: Georg Schlierenzauer kan fly! På ski sjølvsagt. Men han er god til å understreke det.

“I am mister Schnitzel, and I can fly!”

Det er artig med ein austerisk 19-årig verdsmeistrar som prater engelsk…

Det som derimot ikkje er like artig er å sjå videointervju av Harry Olli. Han svarer med eit ord, og verker tydeleg utilpass med situasjonen. NRK har trukke tilbake det intervjuet dei hadde lagt ut av han. Sikkert fordi det var såpass dårlige svar, men også fordi intervjueren var meir eller mindre ræva til å stille spennande spørsmål, som følger av Olli sine (manglande) svar som setter han litt ut av spel.

Og til slutt må eg berre få kommentere noko frå min kjære idrett, skiskyting. Kaisa Varis er frikjent frå dopingdommen som følger av ein saksbehandlingsfeil hos IBU. Og ho kan dermed få konkurere slik som ho vil. Men eg håper i det lengste at det finske skiskytterforbundet nektar ho det. For det er ingen tvil om at ho har vore dopa.

Skulle ho få kome tilbake i verdscupsirkuset og bli tatt på ny, så er det ille ute med idretten. Då springer nok sponsorane bort umiddelbart. Det same vil skje om stygge Tikhonov vert president i IBU. Og skulle det hende, så er det ingen tvil om at korrupsjon og pengemakt fortsatt står sterkt i austen. Men det er det kanskje ingen tvil om, uansett…

Skiforbundet planlegger å få i gang ei ny langrennsgrein! Langrennscross. Fantastisk!

Det ser heilt utruleg kjekt ut. Viss dette blir tilfellet vil eg gjerne starte med ski igjen. Med innlagt skyting hadde dette vore heilt maksimalt fett!

NRK har sjølvsagt laga ein reportasje om dette også.

(Eg kan forresten anbefale NRK Nett-TV til alle saman!)

Når dei løper, så går det fort. Med planker på beina derimot, går det ikkje like bra. Men Philip Boit gjer så godt han kan. Og det ser ut til at han er minst like god som meg på den himla klassiskteknikken. Men så må også huske at det er skøyting som er “in”…

Min tremenning og tidlegare nabo gjer ifølge alpinlandslagstrenar ein dødsviktig jobb.

Om det står om liv og død veit eg ikkje, men kult er det.

Sjå berre her…

Men Thomas Tjørhom? Hø? Håvard heiter guten…