Det er sjeldan eg vert frustrert av andre som køyrer bil. Sett bort frå alle pensjonistane som køyrer midt i vegen 20 kilometer under fartsonen.
Men i dag vart eg nesten sint. Egersund er ikkje ein enkel by å parkere i. Det er nemleg fullt overalt. Og sett bort frå kaia og områda rundt, så er det som oftast ganske bratt.
Eg bur midt i sentrum av byen, og i ei veldig traffikert gate. Det er lite med parkeringsplasser, og dei plassane som finnes, er i bratt oppoverbakke.
Så, i dag då eg skulle parkere bilen då eg kom heim frå jobb (skal snart byrje å sykle), var det berre ein ledig plass. Og den var sjølvsagt mellom to andre biler. Eg forsøkte først å lukeparkere forsiktig, men sidan bakken var veldig bratt, så turde eg ikkje ta nokon sjanser. Men heldigvis så kom eigaren av bilen bak meg og låste opp sin bil. Ei dame på rundt 50 år. Eg trudde sjølvsagt ho skulle svinge ut sin bil i gata. Men tydelegvis hadde ho litt prestasjonsangst og stilte seg heller opp for å kikke på meg, der eg stod halvvegs ute i vegen, og halvvegs inneklemt mellom to biler.
Så etter ei lita stund, utan hjelp frå min medtraffikant, vart eg nødt til å drive bakkestart i revers. Ikkje veldig vanskelig, men utruleg irriterande når ei dame står midt i vegen der eg skal bakke. Etter ei stund får ho kome seg vekk, og set seg inn i sin bil. Då eg har køyrt nedover for å snu bilen, så køyrer ho frå parkeringsplassen, og vanlege folk kan endeleg få parkere i Johan Feyersgate.

Eg ser fram til å bli kvitt bilen. Då slepp eg halvgamle kvinnfolk som ikkje kan parkere eller samarbeide.
Då eg kom inn og logga meg på nettet fant eg ut at det kanskje ikkje berre er kvinner, men kanskje også rogalendinger generelt.
Her kan du sjå korleis det ikkje skal gjerast. Og her kan du sjå korleis det skal gjerast.

1 comment
Comments feed for this article
20 juni, 2008 kl. 11:58 pm
Elenn
Godt du skal kvitte deg med den bilen på sikt.. sier ikke mer..