Av og til kan ein gå lei av å måtte skrive dagen lang. Og der er eg nå. Det går fint å skrive når eg er på jobb, det er ennå kjekt. Men det er ikkje fullt så artig å sette seg ned å skrive blogg etterpå. Men eg skal no prøve.
I løpet av året mitt i Valdres, så skjedde det ganske mykje morosamt. Men hadde det ikkje vore for årboka, hadde eg gløymt alt. Og det som ikkje står i årboka, det husker eg ikkje. Så då eg starta på Hald tok eg av erfaring og skreiv ned alt det morosama som skjedde der. Her følger litt av det, med forklaringer:
- Maria (Kalstø) skulle helse på Joseph (frå Kenya) og spørre han om kva linje han skulle gå på. Joseph svarer på sin afrika-engelsk: “FOCUS”, noko som høyrer veldig likt ut som “fuck ass” eller “fuck us”. Sidan Maria ikkje var så “inne i” kva alle linjene heite, så mistolka ho engelsken, og vart heilt satt ut av frekheten til den ellers så koselige kenyaneren.


Bileta: Joseph på bildet over, Kristin (som det står litt om seinare), og Maria til høgre.

Eg trur ikkje Joseph og Sammy (dei to frå Kenya) ennå veit kvifor me ler når me seier “fuck ass”. Dei trur det betyr noko morosamt på norsk, og høyrer nok ikkje det samme som oss. Dette vart ein klassiker gjennom året.
- For å følge opp den forrige.
Under første kyrkjebesøk i Kenya snakka presten (på afrika-engelsk) om å “focus forward, and focus upward, but not focus backward”. På afrika-engelsk så kan du då sjølvsagt bytte ut focus med fuck us.
Meg og Mari holdt på å dette saman i latter der me sto i den ellers så alvorlege menigheten.
-For å avslutte språkgreiene, så kan me ta med ord som decade (dickhead), beach (bitch) og Vegard, som så alt for ofte vart til negar. Ironisk nok.
- I Afrika er det ganske fint å vere tjukk (eller kraftig om du vil) viss du er kvinne. Så det var i byrjinga av året full opplæring av afrikanarar til å ikkje kalle norske jenter tjukke. Paulette som var ettåring og burde kunne den norske kulturen kalla Hege tjukk (ho er ikkje tjukk). Hege forsto at dette var ein kulturkræsj og prøvde å forklare Paulette at slikt seier man ikkje. Svaret vart: “Yeah, I know! But you are FAT!”


Øverst er Paulette som klemmer på min kjære Helene. Nede ser du Hege som et ein rar Thai-frukt (vannmelon?).
- Då me var på fotballturnering i Kr.sand skulle me ete på restaurant. Det var mange av dei internasjonale sitt første møte med norske priser, og me hadde ikkje tenkt dette godt nok gjennom. Men mat måtte me ha, og dei internasjonale leita menyen gjennom etter det billigaste. Det endte med tre barnemenyer, og ein pizza på deling. Men før me kom så langt skulle eg oversette menyen, og eg foreslo “Chicken kebab” til Moses frå Uganda som ville ha noko med kylling. Han vart fornerma over at eg ville at han skulle ete “kebaba” som på swahili er ein slang for penis.

Cool Boys: Moses og meg!
- Sammy og Joseph hadde dårleg tid på togstasjonen i Drammen, og valgte difor å ta den “afrikanske” måten å krysse spora på. Så dei hoppa ned på skinnene og skulle til å springe over. Sammy sa han aldri hadde høyrt nokon rope så høgt før som det jernbanearbeidaren gjorde då han ga klar beskjed om at dei skulle pelle seg tilbake til perrongen.
- Det var devotion på FOCUS-senteret og Tord vart bedt om å be (pray) høgt før møtet skulle begynne (det var vår store skrekk). På sida av han var det eit keyboard som skulle brukast i løpet av møtet. Tord høyrte det han ville høyre og kobla “pray” om til “play”, så han reiser seg opp, peiker på keyboardet og spør: “On that one or the guitar?”. Det blir ein flau stillhet, før eg må forklare: “pray ikkje play”.

Her får Tord playa…
Eg har aldri hatt ei morsomare bøn enn den.
- Kristin skulle spørre sin ugandiske sjef kor ho kunne kjøpe kroker. Sidan vokabularet til Kristin stadig er i utvikling spurde ho sjefen: “Do you know where I can buy hookers (horer)”. Sjefen gjorde som alle afrikanarar og svarte høflig, “you might find someone in the city centre”.
- Og til slutt kan ein alltids ta med Jan Kristian som skulle tatovere seg med to-vekers tattoo. Han fekk plassert eit opp-ned kors på underarmen, og på skuldra fekk han pynta seg sjølv med eit hjerte der det stod “Lathrine” inni, i staden for namnet på kjæresten, Cathrine. Det vart ikkje heilt som han hadde tenkt seg. Men morosamt var det.

Fantastisk “tatt” Janki! Satser på at du tok med skissane heim, slik at du kan få det på permanent.
Jepp, det var det eg noterte ned før eg kom til Kamerun. Då gløymte eg å skrive ned det som skjedde.
Ellers så kan eg fortelle at eg for første gong dette året vart frista til å kjøpe nye klær. Eg sykla forbi eit vindu her i byen der det hang ein DRITkul shorts. Men eg SKAL stå imot.
I dag var det drapssaks-skriving på kontoret. Ein egersunder i Russland er drept. Men eg skreiv om hærverk i barnehage, gråtass og laga “3 på gata” (den siste der suger maksimalt).
Ha det så fint som mulig vidare! Og ikkje vær redd for å ta ein tur t “okka by”! I morgon byrjar Egersund visefestival også…!

2 comments
Comments feed for this article
3 juli, 2008 kl. 11:43 pm
Jan Kristian
Herlig herlig! No sitte ej å prøve å huske ei historie der du har drete det skikklig ut. Men kommer ikkje på noe i øyeblikket.
Jaja.
Å HImmel!
6 juli, 2008 kl. 1:18 am
Helene
Bra bloggings Vegard. jeg tror jeg må sette meg ned å tenke gjennom alle de morosame situsjonene jeg kan komme på fra dette året, for jeg har ikke skrevet noen notatliste nei.. men mye moro har det jo vært. fortsatt god sommer.
- Love