I løpet av mine veker her i Egersund så lærer eg mykje. Og då spesielt om korleis mediane fungerer.
Ein har mange forskjellige nyhender. Mykje handler om kva avisa fokuserer på. VG liker å skrive ein del om kjendisliv og skandaler, noko dei får urovekkande mange lesarar for. Dagbladet er mykje i samme gata, men prøver også å fenge den yngre garde. Vårt Land skriver om kristne greier. Og Morgenbladet er seriøse og går djupt ned i politiske saker. Regionaviser held seg mykje til sin region, samt litt innanriks og utanriks. Og lokalaviser er ennå meir begrensa. Også har du dei som påstår at Se & hør og Her & Nå er seriøse medier.Eg er ikkje ein av dei.
Og i desse avisene er mange typer nyhender. Ein har agurknytheter, som avisene sjeldan legg ut på nettet, og difor har eg få eksempler å vise.
Og dei koselege småartiklane som handler om vårens første vipe (forsåvidt ganske agurk det også), eller gratis pølser i Egersund sentrum.
Også har man det som faktisk er nyheter, i mindre eller større grad.
Og det er desse to siste eksemplane eg skal ta utgangspunkt i når eg skal gje mi lille innføring i mediaverdens framgangsmåter.
For å ta bjørnen først:
I forrige veke fekk me inn eit tips til Dalane-redaksjonen. Det tipset vart liggande over til neste dag, då eg tok tak i det og ringte til han som hadde tipsa.
Det var ein turgåar som hadde sett nokre bjørnespor, og då eg høyrte det var i Sirdal vart eg automatisk ganske så nysgjerrig. Fem minutter og ein telefonsamtale seinare hadde eg funne ut at dette var rett ved Tjørhom, og difor ganske uinteresant for Dalane Tidende å skrive så mykje om. Ikkje hadde mannen tatt eit bilete heller.
Så då sendte eg ein mail til Oddvar i Sirdølen, og ein halv time etterpå var det ute på nettet. Då hadde det tatt over eit døgn sidan tipset kom, men det spreidde seg plutseleg fort. Og det tok ikkje lang tid før det stod i både Agder og, som vist i linken ovanfor, Aftenbladet (som toppsak faktisk).
Og Sirdølen fekk sjølvsagt æra for å ha skreve om dette først. Noko dei forsåvidt også gjorde.
Det var som eld i tørt gras, og plutseleg hadde alle snakka med mannen frå Heskestad. Og alle hadde fått forskjellige versjoner av samme saka.
Mitt andre eksempel er av ei litt større nyhetssak:
Ein mann vart drepen i Russland. Dette fekk eg med meg gjennom dei store norske mediane ein kveld i sist veke. Og då eg kom på jobb dagen etterpå fekk eg vite at han var frå Egersund. Så då var karusellen i gang. Både Dagbladet og VG var på tråden til redaksjonen i løpet av heile dagen. I tillegg hadde me ein journalist på saka stort sett heile tida. Eg hadde ikkje så mykje med dette å gjere, men fekk likevel med meg litt av det som skjedde.
Det dei store avisene var ute etter var først og fremst bileter. Gode bileter. Dei hadde berre eit gamalt bilete frå mange herrens år sidan.
Dalane Tidende fant etter litt eit bilete i deira gamle arkiv. Dette vart etterkvart solgt vidare til Dagbladet for nokre tusen kroner.
I avisredaksjonane i Oslo hadde dei tre-fire journalister på saka som heile tida jobba med å grave fram mest mulig informasjon rundt drapet. Dei hadde tolk som snakka med russisk politi. Dei ringte den norske ambassaden. Dei tok kontakt med folk i heimbyen, Egersund. Dei leita iherdig etter bilete som kunne brukast i saka. Ja, store krefter var i sving der for å finne informasjon før konkurentane fant det.
I tillegg dukka det opp nye drapssaker rundt omkring. Som knivdrapet i Bygland, og eit drap av ei norsk jente i Sverige, som har fått overaskande lite mediadekning i forhold til dei andre sakene.
Det imponerer meg kor mykje dei finn ut ved å vere så pågåande.
Mange gonger går dei til det skrittet å ta kontakt med familien. Til dømes i denne saka.
Spørsmåla mine blir: Kor langt skal ein gå? Kor langt er FOR langt? Kva ting bør ein skrive om, og kva bør ein ikkje skrive om? Når bør ein kunne nevne navn og vise ansikt, og når bør ein ikkje?
Dette er etiske dilemmaer mange journalister har.
Men la oss prøve å sjå dette frå journalisten sin synsvinkel:
- Viss eg ikkje skriv om dette, så kjem nokon andre til å gjere det. Då vil ingen lese det eg skriver.
- Viss eg ikkje skriver om dette så kjem eg til å få kjeft frå sjefane mine, for eg har jo lov til å gjere det. Men problemet er at eg ikkje turde.
-Kva er forskjellen på om eg eller ein annan journalist skriv om dette?
Ja, det er mange andre ting som også speler inn. Det er nemleg ikkje lett å bestemme kva som er “lov”, og kva som ikkje er “lov” å skrive. Og eg synes det er vanskeleg å skylde på journalistane. For KVEN er det som les dette? KVEN er det som klikker inn på sakene der du faktisk får vite alt det du ikkje “burde” få vite. Journalistane gjer oss berre det me lesarar vil ha.
Viss det er nokon som skal sette ei bremse på den utviklinga journalistikken har fått, så er det oss. Lesarane.
Dette gjelder ikkje minst VG og Dagbladet. Vær så snill, les framsida nøye før du kjøper avisa. Og så tenkjer du: Treng eg å fylle hovudet mitt med det som står her? Er dette noko eg kan få bruk for i livet mitt? Er dette saker som eg synes er interessante og kan stå inne for at eg synes er interessante?
Det vil ikkje overaske meg om svaret veldig ofte vert: Nei…

No comments yet
Kommentar-feed for denne artikkelen