Då har eg hatt ein måned der eg ikkje har skreve noko som helst på bloggen. Beklager det. Men no er eg atter ei gong attende.

Først og fremst vil eg dele denne lille artige artikkelen med dykk: Gamle glemske damer vil eg også gjerne ha på sida mi på trikken

Deretter vil eg påpeke eit etisk dilemma ved friidretten. Dei har nemleg no bestemt å kalle den nye, oppdaterte, versjonen av Golden League, for Diamond League. Premien for vinnarane for kvar klasse er ein diamant. Å støtte opp såpass om ein utskjelt og såpass tragisk (i mine auge) bransje som det diamantindustrien er, synes eg er dårlig. Det er mange liv som går tapt på grunn av produseringa av desse edelsteinane. Eit av dei landa med størst forekomst av diamanter, er også eit av dei fattigaste og mest krigsutsatte landa i verda, nemleg Sierra Leone. Filmen “Blood diamond” anbefales på det sterkaste for dei som ikkje har sett den.

Men eg er ikkje heilt ferdig med denne Diamond League-greia. Presidenten i det internasjonale friidrettsforbundet uttaler nemlig:

- Dette er en drøm som endelig går i oppfyllelse. Nå har vi klart å skape en stevneserie som er verdensomspennende

What? Sjølv om dei skal arrangere stevner i Doha, USA og Kina, så betyr ikkje det at stevneserien har blitt verdensomspennande. Men kva med Afrika? Kontinentet som fôrer verda med langdistanseløparar! Noreg, som har verdas beste spydkaster (og that’s it), får eit heilt stevne for seg sjølv. Mens det kontinentet der dei (kanskje) uetiske premiane vert henta ifrå, tydelegvis ikkje vert rekna med i denne friidrettsverdenen.

Til slutt vil eg berre kommentere Siv Jensen sin start på valkampen. Ho langer ut mot det som finnes av muslimske samfunn i dette landet, og vil ha ein stopp på islameringa i Noreg. For min del kan eg vere enig angåande det at antallet muslimer er for høgt, MEN berre i enkelte bydeler i Oslo. Elles i landet er det ingen problem i mine auge.

Om ein tek t-banen austover her i Oslo, så vil ein sjå at det vert tendenser til ghettoer, og ofte fører dette vonde og dårlige ting med seg. Men kva med å heller føre ein politikk der ein kan spre desse ressursane, som desse menneskje innehar, utover landet. I Sirdal, til dømes, er det heller få muslimar. Det er sikkert god plass til nokre der.

Eg meiner me har ein lang veg å gå når det gjeldl integrering. Men måten FrP snakker og driv politikk på, trur eg ikkje er den beste. Me har trass alt både penger og ressurser til å gjere noko med desse utfordringane. Det er meir enn mange andre har.

Men når alt dette er sagt. Kva med sniknorskfisering i Spania? Det er jo ikkje ein ukjent sak at mange nordmenn har flytta til Solkysten eller Kanariøyene for å bu der året rundt. FrP er sterk tilhengar til denne typen innvandering av Spania. Dei er såpass tilhengere at dei faktisk vil fornorske det heile litt. Er dette heilt greit? Kva med dei stakkars folka som faktisk er innfødt på Kanariøyene? Må dei leve med norske aviser, norsk kyrkje, norsk språk, norske restauranter, norske skuler, norske barnehager, norske jobber, norske pensjonister…+++? Ja, det må dei. Og FrP vil ha meir. Men å dele med andre, og å legge til rette for at det finnes folk som vil busette seg her i det kalde nord. Nei, det vil me ikkje…