Eva Joly er eit kvinnemenneske eg lenge har hatt sansen for. Hennar arbeid mot korrupsjon anser eg som viktig. Eg merka sjølv kor viktig motarbeidinga av korrupsjon er, då eg var i Afrika.

I dag fekk eg sjansen til å høyre Joly halde eit foredrag på Blindern. Der snakka ho ikkje om korrupsjon, men om finanskrisa, og kva den hadde å seie for verdssamfunnet. Det var forsåvidt interessant. Men det einaste inntrykket eg hadde då eg gjekk ut av auditoriumet var at Joly var ei sur og prippen primadonna av dei sjeldne.

Det var få smil å spore hos ho, og i løpet av dei 45 minuttane ho snakka, fekk ho gitt eit klart inntrykk av at ho synes forsamlinga var ein gjeng håplause studenter utan kunnskap kring samfunnsøkonomi. Ho spurte om fleire spørsmål enn ho gav svar, og gav også klart uttrykk for at ho ikkje var imponert over responsen, som i stor grad var ikkje-eksisterande.

Noko av infoen ho forlanga at samfunnsøkonomistudentane skulle kunne, var for meg totalt ukjent. Men nå studerer heller ikkje eg samfunnsøkonomi. Eg forstår ikkje heilt kvifor ho skulle spørre om så mykje spørsmål, for deretter å fastslå at sam.økstudentane kunne alt for lite.

“Jeg er ikke imponert, altså”, sa ho tidleg i foredraget. Og da folk trudde at ho berre kom med ein spydig kommentar, og starta å le. Såg ho berre surt opp på folk, og viste null antydning til å smile. Det var nemlig ein überspydig kommentar, utan glimt i auget.

Og alt toppa seg for min del då ei jente kom inn tjue minutter ut i foredraget. Joly syntes visstnok det var så upassande som overhovud mogleg, og ho benytta difor anledninga til å kjefte på denne jenta, som ingen hadde lagt merke til. Fram til då, vel og merke.

“Jeg forstår meg ikke på norske studenter. Her bruker jeg en hel time av min tid på dere. Også kommer dere en halvtime ut i foredraget.”

Bruker en time av MIN tid på dere? Eg angrer på at eg brukte ein time av min tid på ho.

Nei, takke meg til. Om ein må oppføre seg slik som Eva Joly for å kunne bli kvitt all korrupsjon i verda, så foretrekker eg heller korrupsjonen. Då finnes det i det minste gledelige augneblink frå tid til annan. For meir sure 45-minuttarar har eg aldri hatt…

Og stakkar Island som må leve med ho, i tillegg til alt det andre dei sliter med.