Eg er langt frå nokon verdsmeistar i rettskriving, noko det finnes mange døme på her på sida. Men er det ein ting eg vert provosert av når det gjelder skrivefeil, så er det orddeling. Eg forstår ikkje at det går an å ikkje forstå at eit ord som er samansatt av to ord, faktisk skal skrivast i eit ord. Eg vert glad om ein skriver knekkebrød, kjøkkengulv og ananasringer. Viss ananas ringer derimot, då vert eg meir redd.
Her er ein MSN-reklame for å måle hjernealderen din. Ikkje veit eg kvifor den skal målast. Kanskje det er for å sjekke om du har kome over alderen der du deler orda du eigentleg ikkje skal dele?

PS: Når alt dette er sagt: Dysleksi og norsk som fremmedspråk er gyldig grunn. Men så er det også dei einaste gode forklaringane også.

3 comments
Comments feed for this article
23 mars, 2009 kl. 10:15 pm
Therese
Så sykt enig. Nei til orddeling!
-Stolt medlem av AMO
25 mars, 2009 kl. 3:43 pm
Mor di
Ja, du veit me som likar språk:
Etter alle desse åra med nynorsk:
skriv ikkje skriver
samansett ikkje sammensatt
kjøkengolv ikkje kjøkkengulv
annanasringar ikkje ringer
dersom er betre enn viss.
Velkomen heim til påske, me fortset språkøvinga der!
25 mars, 2009 kl. 6:48 pm
vtjorhom
Som eg skreiv: Eg er ikkje plettfri eg heller.
Men eg har ikkje skreve “skriver” eller “sammensatt” i dette innlegget. Men eg har benytta meg av “samansatt”. Beklager det.
Skulle eg ha skreve ananasringar, så hadde ordspelet blitt litt “spoongy”…
Men for all del: Eg gler meg til rettskrivingskurset, som eg veit eg ikkje har vondt av…
Er vanskelig å ikkje høyrast sur ut når eg gjer svar, men eg er ikkje det altså!