Eg er ein 21 år gamal kar frå dei indre bygder i Vest-Agder. Nærmare bestemt Tjørhom i Sirdal. Eg liker godt å følge med på skiskyting, og har dreve på med i mange år. I tillegg kan eg godt bruke tida på volleyball og nyhender.

Eg er heilt i startgropa av mine studier, og kjem nok til å halde på med det i minst fem år framover. Målet mitt for øyeblikket er å kunne jobbe som journalist, men er ennå ikkje sikker på kva område eg bør velge.

Jada, sidan du les dette, så kjenner du meg sikkert uansett…