Skiforbundet planlegger å få i gang ei ny langrennsgrein! Langrennscross. Fantastisk!

Det ser heilt utruleg kjekt ut. Viss dette blir tilfellet vil eg gjerne starte med ski igjen. Med innlagt skyting hadde dette vore heilt maksimalt fett!

NRK har sjølvsagt laga ein reportasje om dette også.

(Eg kan forresten anbefale NRK Nett-TV til alle saman!)

Når dei løper, så går det fort. Med planker på beina derimot, går det ikkje like bra. Men Philip Boit gjer så godt han kan. Og det ser ut til at han er minst like god som meg på den himla klassiskteknikken. Men så må også huske at det er skøyting som er “in”…

Min tremenning og tidlegare nabo gjer ifølge alpinlandslagstrenar ein dødsviktig jobb.

Om det står om liv og død veit eg ikkje, men kult er det.

Sjå berre her…

Men Thomas Tjørhom? Hø? Håvard heiter guten…

Aller Norge må kutte 70 årsverk. Eg vonar at alle vert kutta frå Se & Hør, og at me dermed kan legge ned bladet ei gong for alle. Makan til makkverk og kjelde til ondskap skal ein leite lenge etter.

Eg veit faktisk ikkje om eg klarer å synes synd om dei eventuelle Se & Hør-journalistane som kjem til å miste jobben. Etter å ha utført ein såpass drittdårlig og unødvendig jobb, så fortener dei ikkje betre.

Då har eg hatt ein måned der eg ikkje har skreve noko som helst på bloggen. Beklager det. Men no er eg atter ei gong attende.

Først og fremst vil eg dele denne lille artige artikkelen med dykk: Gamle glemske damer vil eg også gjerne ha på sida mi på trikken

Deretter vil eg påpeke eit etisk dilemma ved friidretten. Dei har nemleg no bestemt å kalle den nye, oppdaterte, versjonen av Golden League, for Diamond League. Premien for vinnarane for kvar klasse er ein diamant. Å støtte opp såpass om ein utskjelt og såpass tragisk (i mine auge) bransje som det diamantindustrien er, synes eg er dårlig. Det er mange liv som går tapt på grunn av produseringa av desse edelsteinane. Eit av dei landa med størst forekomst av diamanter, er også eit av dei fattigaste og mest krigsutsatte landa i verda, nemleg Sierra Leone. Filmen “Blood diamond” anbefales på det sterkaste for dei som ikkje har sett den.

Men eg er ikkje heilt ferdig med denne Diamond League-greia. Presidenten i det internasjonale friidrettsforbundet uttaler nemlig:

- Dette er en drøm som endelig går i oppfyllelse. Nå har vi klart å skape en stevneserie som er verdensomspennende

What? Sjølv om dei skal arrangere stevner i Doha, USA og Kina, så betyr ikkje det at stevneserien har blitt verdensomspennande. Men kva med Afrika? Kontinentet som fôrer verda med langdistanseløparar! Noreg, som har verdas beste spydkaster (og that’s it), får eit heilt stevne for seg sjølv. Mens det kontinentet der dei (kanskje) uetiske premiane vert henta ifrå, tydelegvis ikkje vert rekna med i denne friidrettsverdenen.

Til slutt vil eg berre kommentere Siv Jensen sin start på valkampen. Ho langer ut mot det som finnes av muslimske samfunn i dette landet, og vil ha ein stopp på islameringa i Noreg. For min del kan eg vere enig angåande det at antallet muslimer er for høgt, MEN berre i enkelte bydeler i Oslo. Elles i landet er det ingen problem i mine auge.

Om ein tek t-banen austover her i Oslo, så vil ein sjå at det vert tendenser til ghettoer, og ofte fører dette vonde og dårlige ting med seg. Men kva med å heller føre ein politikk der ein kan spre desse ressursane, som desse menneskje innehar, utover landet. I Sirdal, til dømes, er det heller få muslimar. Det er sikkert god plass til nokre der.

Eg meiner me har ein lang veg å gå når det gjeldl integrering. Men måten FrP snakker og driv politikk på, trur eg ikkje er den beste. Me har trass alt både penger og ressurser til å gjere noko med desse utfordringane. Det er meir enn mange andre har.

Men når alt dette er sagt. Kva med sniknorskfisering i Spania? Det er jo ikkje ein ukjent sak at mange nordmenn har flytta til Solkysten eller Kanariøyene for å bu der året rundt. FrP er sterk tilhengar til denne typen innvandering av Spania. Dei er såpass tilhengere at dei faktisk vil fornorske det heile litt. Er dette heilt greit? Kva med dei stakkars folka som faktisk er innfødt på Kanariøyene? Må dei leve med norske aviser, norsk kyrkje, norsk språk, norske restauranter, norske skuler, norske barnehager, norske jobber, norske pensjonister…+++? Ja, det må dei. Og FrP vil ha meir. Men å dele med andre, og å legge til rette for at det finnes folk som vil busette seg her i det kalde nord. Nei, det vil me ikkje…

Etter ei utfordring frå globetrotter Helene, skal eg no vise dykk eit bilete.

Oppfordringa løyd som følger:

- Gå inn i mappa “Mine bilete”

- Gå til den sjette mappa

- Ta det sjette bildet

-Lim det inn i bloggen og fortell litt om biletet.

- Deretter utfordrer du seks nye bloggerer til å gjere det same.

Okaydokay. Eg gjekk inn og fann dette:

Maria på HaldProblemet mitt er, at då eg sjekka mappa før eg laga bloggen, så var bileta i ein heilt anna rekkefølge enn dei var då eg skulle laste opp biletet. Men dette er altså det sjette bildet i den sjette mappa i opplastingsvindauget.

Jenta heiter Maria, og har gått saman med meg i både Valdres og på Hald. Dette biletet fanga opp eit heller intenst augeblink i Mandal, i ein pause frå undervisninga der. Jepp. Det var vel det eg kunne seie om det biletet.

Også var det den verste biten igjen. Eg skal utfordre SEKS stykker, som skriv blogg, og samstundes ikkje har vorte utfordra frå før av. Både Helene og Therese har jo “fyllt” opp Hald-kvoten, diverre.

Eg ender opp med å utfordre desse meir eller mindre aktive bloggarane:

Anders, Birgitta og Johanna

Jan Kristian

Torger Åge

Anne

Janne Britt

Kristin

Sånn. Så får dei lese her og lage eit innlegg dei også, om dei gidder.

Tudelidu! Eg skal trene!

Kven i huleste er denne mannen frå Snåsa? Og kva har han gjort?

Har det skjedd noko stort då eg var i Afrika?

Det er ikkje ein nyheit at fotballspelarar er bortskjemte når det gjeld løna dei tener på å gjere dei det liker aller mest. Det finnes mange skrekkeksempler på spelarar som gjer kva som helst, berre dei får penger nok.

Eg må seie eg er litt skuffa over Alanzinho. Her har Stabæk hjulpe han opp og fram, og han har mykje som han “skylder” klubbben. Sjølvsagt får dei ein betydeleg sum penger attende for han, men det verker heller som dei ville ha han. Han seier det er for å “redde” familien i Brasil. Men såpass veit eg om lebveforhalda i Brasil og løna til Alanzinho. Dei treng ikkje 40 millioner ekstra for å leve eit greit liv. Faktisk trur eg ikkje dei treng penger i det heile tatt.

Men for all del. Han har all rett til å gjere akkurat kva han vil. Og familien får det sikkert fint, samstundes som Alanzinho får det fint i Tyrkia. Og han er langt frå eit skrekkeksempel på kva folk gjer for penger. Beckham, Robinho og Batistuta kan ikkje ha så mykje anna motiv enn penger då dei gjekk til henholdsvis DC United, Man City og Al Arabi (Quatar).

MEN. I Bodø bur det ein fotballspelar som fortjener all respekt. Runar Berg gjer frå seg ei løn på 750 000 for å hjelpe Bodø/Glimt unna ein konkurs. Då snakker me om kjærleik til klubben. Og ein som ser vekk frå alle pengane som har forpesta fotballen. Eg vert ikkje overraska om det er nettopp pengane som “kveler” fotballen til slutt. For slik økonomien vert styrt i dag, går det ikkje an å fortsette med.

Men i min kjære idrett skiskyting derimot. Der er det sjeldan pengane som rår. Det er berre dei aller beste som tener godt på den idretten. Og dei trener så mykje meir og hardare også. Det tør iallefall eg å påstå…

Yes, we can! – Engelsk

Sí, se puede! – Spansk

Ndiyo, tunaweza! – Swahili

Oui, nous pouvons! – Fransk

Sim, podemos! – Portugisisk

Vitatsika io! – Gassisk

Niguo nitukuhota! – Kikuyu (Største kenyanske stammen)

Možemo! – Kroatisk

Oo, kaya natin! – Filipinsk

Hee dadima! – Taita (Kenyansk stamme)

Ja, wij kunnen! – Nederlandsk

Ja, das machen wir! – Tysk

Evet yapabiliriz! – Tyrkisk

Si, puo’ fare! – Italiensk

Da, My mozhem! – Russisk

Yichalal! – Amharisk

Bai, Ahal Dugu! – Baskisk

Wo men zuo de dao! – Mandarin

Tak, My mozhemo! – Ukrainsk

Bid Chadnaaa! – Mongolsk

Ayo, menk karogh enk! – Armensk

Ooba, kylalabyz! – Kirgisisk

Hum kar suktay henh! – Urdu

Chven shegvidslia – Georgisk

Jes, ni povas – Esperanto

Hami Garna Sakchaun – Nepalesisk

Oo-Lin Hal-Soo-It-Suh! – Koreansk

Neh, boroomeh – Gresk

Na’am Nahnu Qadirun – Arabisk

Oui, On peut! – Quebec-Fransk

Sim, pode-se – Brasil-Portugisisk

A kan de! – Surinamsk
Si por! – Arubisk

Ja, Ons Kan! – Afrikaans

Kyllä. Me osaamme! – Finsk

Haa, hum kar sakte hain!  – Hindu

Ha ji, Chak de! – Punjabi

Au, Aame Shu! – Gujrati (Indisk språk)

Beyachad yecholim – Hebreisk

Tak, my możemy – Polsk

Ja, me kan! Me kan! ME KAN!

I kveld var det utdeling av Spellemannsprisen. Marit Larsen gjekk heim utan ei einaste utmerking. Det vil med andre ord seie at denne prisutdelinga berre vert ein parodi. Det er som ei Oscarutdeling utan prisar til Ben Hur, Titanic eller Forrest Gump. Flaut, rett og slett.

Denne kvinna må hyllast for det ho er verdt: